Kvar tek vegen vegen?
Gjesteskribent Sandbakk har meninger om at løpere ikke ønsker å være på landslaget !
Oppdatert:
(11.3.2008)
Treningskulturen i det norske landslaget er gjennomsyra med erfaring frå verdas beste landslagsløparar. Sture, Erling, Thomas, Bjørn, Vegard og Frode har bidrege med sin kunnskap og sine haldninger til dei unge løparane som er under utvikling. Dei har hugsa at også kua har vore kalv.
Andre idrettar har suksesstrenarar og resultata har kome og gått med dei. Suksessen til Norges langrennslandslag har vore kontinuerleg. Det er utøvarane som har utvikla treningslæra; ungdommeleg galskap i kombinasjon med den beste erfaringa har vore ein uslåeleg kombinasjon! Audmjuke trenarar utan fasitsvaret har tilrettelagt for at stadig ny grenser har blitt sprengt.
No mistar landslaget ein viktig kulturbærar til Team Xtrapersonell. Eg ser Jens Arne sin situasjon og skal ikkje skyte kua, samtidig som eg forstår at landslaget vil ha svoltne ulvar inn. Men landslaget skal ha det beste opplegget og dei beste løparane. Så dersom Jens Arne er svolten nok burde vel svaret vere enkelt?
Dette temaet kjem uansett opp igjen. Kva gjer vi når det verkeleg kjem store pengar på bordet? Kva gjer vi om andre nasjonar vil melke kua Norge har fostra opp? Som utøvar er det ikkje enkelt å seie nei når tilbodet byr seg.
Toppidrett handlar om å kome raskast mogleg til mål. Kvar einskild må tenke på seg sjølv.Men lagtempo har alltid gått raskare enn enkeltstart. Eit komplett lag har lokomotiv i alle typar terreng. Der alle krefter bidreg i same retning.
Utfordringa er å klargjere retningslinene. Avtale arbeidsoppåvene og ruta på førehand. Samle erfaring og pågangsmot. Slik at alle kan profitere.
Og dei unge slepp å spørje undervegs: "Kvar tek vegen vegen?"
Øyvind
Skriv ut artikkelen