Følg med på
MMS-bloggen!




Maximum taste, No sugar?

Sprintgutta har gjesteskibenter. Denne gangen er det Øyvind Sandbakk
som skriver om enkelheten av trening. Den egentlige grunnen til at vi
trykker hans artikkel er at vi prøver å få inn litt nynorsk på
siden..Mye riktig tenking om trening her.

 
I dag er vi ute etter enkle løysingar:
Light produkt og raske slankekurar.
Pyramidespel og gambling.
Speeddating og sjekking på nettet.
Enkle løysingar, raske resultat.
Maximum taste, no sugar!
 
Det finnast mange profetar som sel enkle løysingar, og vi skiløparar
(og ikkje minst ivrige foreldre) vil så inderleg gjerne finne
vidunderkuren.
 
Problemet er berre:
-> det som høyrast for enkelt ut til å vere sant...
ER som regel for enkelt til å vere sant!
 
Topputøvarane gjer mykje av dei rette tinga for å prestere maksimalt,
men framgangen kan sjeldan begrunnast vitenskapleg!
Treningsplanlegging og gjennomføring er ikkje ein nøyaktig vitskap,
men ein sofistikert kunstform!
 
Dei innovative og grensesprengande utøvarane utviklar idretten vidare,
men det er viktig å hugse at krutet er funne opp, vi skal berre få det
til å smelle høgare! Ved å sjå på kva dei beste langrennsløparane
gjennomfører av trening kan det gje ein peikepinn på kva som skal til
for å kome til dette nivået. Samtidig skal ein vere klar over at det
desse utøvarane har gjennomført av trening tidlegare år er med å
avgjere effekten av den treninga dei gjennomfører når dei er på topp.
 
Kva må ein trene på for å lukkast i uthaldsidrett?
I staden for å henge oss opp i konskekvensar som puls, oksygenopptak
og mjølkesyre, kan vi ta utgangspunkt i dei forutsetjingane
treningspusslespelet til dei beste løparane inneheld:
1. Vi må trene på det vi skal bli gode til! Dette vil i langrenn seie
høgintensiv trening rundt konkurransefart.
2. Vi må trene forutsetjingar for å kunne trene meir av det vi skal
bli gode til, med høgare fart, få meir effekt av den og fortsetje med
det over mange år...
• Trening som aukar farta på det høgintensive. Hurtigheitstrening,
spensttrening og styrketrening.
• Trening som gjer at vi absorberer meir høgintensiv trening (...over
tid). Roleg trening under «terskelen»...
• Trening som restituerer og skadeførbygger. Variasjon og førebyggande trening.
 
Kvifor kaste bort tida på roleg trening når det er mindre effektivt?
Kvifor trene forutsetjingar framfor å bruke tida på det spesifikke?
 
Sjølvsagt skal vi trene på det vi skal bli gode til, men dei fleste
som har prøvd å reindyrke dette utan å ta omsyn til forutsetjingane
har opplevd rask framgang (god effekt i følge forskarane), men stoppar
på eit nivå som er lågare enn det dei truleg kunne nådd. Eg ser bort
frå dei som har trent variert og mykje i mange år i forkant av eit
meir reindyrka høgintensivt opplegg... Trening av forutsetjingar aukar
potensialet, men er ikkje like effektivt i eit kort perspektiv.
 
Sanninga er at ingen av landslagsløparane har tatt snarvegar.
Dei har vandra sin eigen veg, laga sine eigne fotspor.
Men dei har gått den lange vegen!
La deg ikkje lure.
 
Spørsmålet er ikkje om ein kun skal trene høgintensivt eller forutsetjingar.
Spørsmåla er kor mykje tid ein er villig å bruke og kor tøff ein skal vere?
Utfordringa er å finne den rette balansen!
 
Fasiten lagar DU!
 
Lukke til med sesongen!
Nr 67 på Beito: Øyvind Sandbakk

Skriv ut artikkelen


Sponsorer: