Nok en gang har en skrivefør og tenkende langrennsløper sendt oss et innlegg. Denne gang er det fjorårets allroundnorgesmester Øyvind Sandbakk som gir et lite spark til noen og enhver...
Ein ærleg mann skiftar stadig meining!
Vi sit alle i vårt eige mjølkeglas.
Kritiserer med blikket retta mot vår eigen navle.
Pølsa og Tor Arne har siste vekene vore ute med sterk kritikk av FIS.
Johan var derimot godt nøgd etter Kusamo.
Etter Rybinsk var til og med Tor Arne nøgd med løypene.
Ulvang var i si tid kritisk til alt FIS foreslo.
(I alle fall alt han ikkje profiterte av)
No omfavnar han sine eigne motforestillingar.
Han seier han ser skisporten frå ein ny synsvinkel.
Laga utanfor landslaget kritiserer uttaka.
Pølsa og Tor Arne er imidlertid godt nøgde.
Også i år har løparar utanfor landslag gitt landslagsløparane bank.
Dei meiner dei burde får sjansen i WC når dei er i form.
Trenarane som tek ut laga har naturleg nok tru på sine eigne.
Ulf Morten provoserte i fjor med at han ikkje såg nokon utanfor landslaget som var aktuelle for dei komande meisterskapa.
Heilt til Simen og Øystein dukka opp.
Og brått vann Gløersen sist helg.
Eg minner om at...
Idrett er IKKJE rettferdig!
Vi stiller ikkje med like muskelfibrar og lik blodprosent.
Ikkje med likt utstyr.
Reglane endrast stadig.
Objektive uttak finnast knapt.
Og dommaren har alltid rett!
Men....
Nettopp sidan vi ikkje kan forutsjå resultatet er det så spennande.
Dei sterke meiningane skaper engasjementet.
Og heldigvis bygger idretten på ærlege forutsetjingar.
No gler eg meg til Tor Arne og Øystein sit i nye roller.
Dei kastar stein i mjølkeglas.
Brått ser dei skisporten frå ein ny synsvinkel dei også.
Eg hugsar som ein elefant.
Og kjem ikkje til å halde kjeft!
Men siterer A O Vinje:
«Ein ærleg mann skiftar stadig meining!»
God jul!
Øyvind Sandbakk